Personvern for Fylkesatlas Vestland

Denne personvernerklæringa fortel korleis Statsforvaltaren og fylkeskommunen handsamar personopplysningane i den opne karttenesta vår.

Fylkesatlas Vestland er ei kartteneste for Statsforvaltaren og fylkeskommunen som har det redaksjonelle ansvaret for innhaldet og tekstar i karttenesta. Fylkesatlas inneheld tematiske geodata og fleire av desse er ein del av Det Offentlege Kartgrunnlaget (DOK).

Statsforvaltaren er staten sin representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren er eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale mynde. Statsforvaltaren utfører dessutan ei rekkje forvaltningsoppgåver retta mot innbyggjarar og organisasjonar. Vi kontrollerer også kommunane si verksemd og er klageinstans for mange kommunale vedtak. Statsforvaltaren har fagkunnskap på ei rekke overordna samfunnsområde, og vi håpar at du finn den informasjonen du treng i karttenesta vår.

Fylkeskommunen er det regionale folkestyrte forvaltningsnivået i Norge. Fylkeskommunen har forvaltings- og tenesteproduserande oppgåver i fylket og er lagt under politisk styring, med fylkestinget som øvste organ. Fylkestinget vert vald direkte av innbyggjarane kvart fjerde år, ved kommune- og fylkestingsval. Fylkeskommunen er sentral i arbeidet med regional utvikling på fleire område saman med kommunar, regionråd, næringsliv og friviljuge organisasjonar. Fylkeskommunen har ansvar for desse samfunnsoppgåvene:

Denne erklæringa har informasjon om korleis vi samlar inn og brukar personopplysningar når du opnar karttenesta vår som pålogga brukar. Vi behandler personopplysninganeein sikker måte i samsvar med personopplysningslova.

Kva personopplysningar behandlar vi i Fylkesatlas og kvifor?

Alle som lagar seg ein brukar i Fylkesatlas må samtykke til at vi lagrar og bruker personopplysningar. Vi brukar desse til å identifisere deg når du loggar inn og bruken din av løysinga. Vi kan sende deg e-post berre knytt til bruk av tenesta, som gløymt passord eller anna informasjon knytt til brukaren din. Vi kan lagre og behandle andre data som du legg inn i løysinga. Data som ikkje er knytt til din personlege brukar er databehandlar sine data.

For å lagre dine eigne teikna objekt og kanskje få tilgang til rollestyrde temadata, må du registrere ei e-postadresse og eitt passord. Det er valfritt å registrere namn. Du kan også laste opp kart filer, legge til tenester og lage bokmerke som vert lagra på brukaren din. I samarbeidsmodulen kan du dele kartdata og andre dokument med andre pålogga brukarar.

Du kan bruke Fylkesatlas og teikne objekt utan og lage deg ein brukar, men då vert alt sletta når du avsluttar økta di.

Vi brukar dine personopplysningar til å gje spesielle tilgangar til temadata for dei som treng dette for utføre jobben sin. Vi sender ikkje reklame og leverer ikkje ut dine personopplysningar til andre.

Innsyn, klage, sletting eller endring av personopplysningane i Fylkesatlas

Dersom du ønskjer innsyn, å klage, slette eller endre dine personopplysningar må du ta kontakt med Abebe Girmay Adera eller Max Koller eller Tone Reinsnos Knutsen.

Det er ein eigen funksjon for å endre passord som heiter ‘Endre passord?’ inne på Min side.

Vi kan slette brukaren din, dei teikna objekt dine og bokmerka dine, men ikkje saker i samarbeidsmodulen eller data lagt inn i eit felles digitaliseringstema (digtheme) sidan du deler dette med andre brukarar. Desse sakene/digtheme er ofte knytt til jobben din, men vi kan vurdere og slette dersom dette ikkje er tilfelle. Saker i samarbeidsmodulen og digtheme er eigedomen til databehandlar.

Informasjonskapslar

Vi brukar desse informasjonskapslane i Fylkesatlas:

Google analytics nyttar informasjonskapslane _ga, _gid og _gat for å hente anonymisert besøksstatistikk på nettstaden. Desse vert sletta etter 26 månader.

Fylkesatlas bruker informasjonskapselen _lng for å lagre kva språk du har valt å bruke. 

Vi brukar desse informasjonskapslane i Fylkesspegelen:

Google analytics nyttar informasjonskapslane _ga, _gid og _gat for å hente anonymisert besøksstatistikk på nettstaden. Desse vert sletta etter 26 månader.

Slette informasjonskapslar

Under ‘Min side’ i Fylkesatlas kan du gå til ‘Om kartløysinga’ og velje ‘Deaktiver statistikk’. Då slettar du informasjonskapslane som går til Google analytics for denne nettlesaren. Dersom du sletter alle informasjonskapslane i nettlesaren, må du gjere dette om att for å ta vekk statistikken din som går til Google analytics.

Sikkerheit

Alle opplysningane som kjem frå datamaskina di til Fylkesatlas går over ei sikker line (https). 

Rettigheiter og bruk av kartdata i Fylkesatlas

Rett til bruk av eksterne kartdata i Fylkesatlas er tufta på medlemskap i Norge Digitalt gjennom Kartverket.

All ikkje-kommersiell bruk av tenestene i kartportalen er gratis, men det må visast til Fylkesatlas og Norge digitalt. Vi tek atterhald om feil i kart og feil eller manglar i datasett. Karta er ikkje rettsleg bindande, og bruk av tenesta kan ikkje erstatta vanleg saksgang.

Informasjonsside for Fylkesatlas

Vi har ei informasjonsside for Fylkesatlas som Statsforvalteren er vert for: https://prosjekt.fylkesmannen.no/fylkesatlas/ 

Informasjonskapslar på informasjonssida

  • ASP.NET., ASPXANONYMOUS og AsP.NET er naudsynte for at nettsida skal fungere. Kapslane vert automatisk generert når sida vert lasta, og slettast når du lukker nettlesaren.
  • EPiDPCKEY, . EPiServerLogin, __epiXSRF og ArticleViewPort er informasjonskapslar som vert brukt dersom du logger deg på publiseringsløysinga EpiServer som brukar. Informasjonskapslane vert sletta når du lukker nettlesaren. Informasjonskapselen editlanguagebranch husker kva språk du har valt i editoren når du er innlogga som EPiServer-brukar, og denne vert sletta etter to år.
  • Google analytics bruker informasjonskapslane _ga, _gid og _gat for å hente anonymisert besøksstatistikk på nettstaden. Desse vert sletta etter to år, 24 timer og 1 minutt.
  • Nokre sider hentar innhaldselement frå Facebook gjennom iFrame. Reg_ext_ref, reg_fb_gate og reg_fb_ref brukes for å spore nettlesarar som ikkje er logga inn i Facebook, og gir Facebook informasjon om kor nye brukarer kjem frå. Informasjonskapselen vert sletta når du lukkar nettlesaren. Datr er ein sikkerheitsrelatert informasjonskapsel som identifiserar browseren uavhengig av brukar, og vert sletta etter to år. Fr og sb vert brukt av Facebook for å kunne gje relevant reklame, og vert sletta etter tre månader og eitt år. Staticxx.facebook.com blir berre brukt for statisk innhald. IDE blir brukt for å halde styr på annonsering på eininga der informasjonskapselen er installert.
  • Leseweb er eit verktøy for opplesing av tekst på nettsida. B100Serverpoolcookie er ein informasjonskapsel knytt til talesyntese (opplesing av tekst på nettsida) og er ein unik identifikator som vert sletta når du lukker nettlesaren. Kapslane som styrer synleg/skjult kontroll for leseweb og innstilling av hastigheit m.m. blir berre generert når du startar leseweb. Desse vert ikkje sletta.
  • Cloudfare vert brukt for å overstyre sikkerheitsavgrensingar basert på IP-adressa den besøkande kjem frå. Denne samsvarar ikkje med brukerID, og inneheld ikkje personleg identifiserbar informasjon.

Andre informasjonskapslar kan førekome på sider som hentar innhaldselement frå andre nettstader gjennom iFrame m.m.

Du abonnerer på nyhende frå informasjonssida vår

Statsforvaltaren har eit tilbod om nyheitsvarsel via e-post. For å ta imot nyhende frå informasjonssida må du registrere ei e-postadresse. Opplysningane som vert registrert hjå oss, vert berre brukt til e-postvarsling. Adressa vert ikkje delt med andre, og vi sletter e-postadressa når du seier opp abonnementet. E-postadressa vert også sletta om vi får tilbakemelding om at den ikkje er aktiv.

Nyhendevarsling skjer gjennom systemet EPIServer, og tenesta lagrar trafikkinformasjon om e-postutsendinga i 14 dagar for å kunne spore og feilrette. Sjølve innhaldet i e-postane vert ikkje lagra.

Fylkesatlas på Facebook

Vi har også ei Facebook side for Fylkesatlas som du kan følgje/like: https://www.facebook.com/fylkesatlas/

Informasjonskapslar på Facebook: https://www.facebook.com/policy/cookies/

Behandlingsansvarleg og databehandlar

Behandlingsansvarleg er den som bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningane. Databehandlar er den som behandlar data for behandlingsansvarleg. Fylkeskommunen og Statsforvaltaren er både behandlingsansvarleg og databehandlar for karttenesta Fylkesatlas. 

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa for Fylkesatlas kan du kontakte oss på:

E-post: tone.reinsnos.knutsen@statsforvalteren.no
Postadresse: Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger